It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 21. juli 2009

Oi oi.
Det er faktisk over 10 dagar sidan sist post.
Eg har faktisk ikkje hatt ordentleg tid te å skrive.

Eg vurderar å endre bloggtittelen frå Triatlondagbok til Triatlonbedageligbok.
Eg er bedageleg anlagt.
Men det er jo kjekt, det blir jo ganske mykje meir restitusjon på denne måten enn om eg var av den hyperaktive og overivrige typen?

Det blei alle fall lite tid til blogging etter å ha hatt gode venner på besøk, som også er triatletar.
Og som er mykje sprekare enn meg.
Og som eg drista meg til å trene litt saman med.
Den planlagte rolege sykkelturen for ei veke sida blei ikkje så veldig "roleg" for meg. Men fint var det, og moro å ha selskap på sykkeltur.

Fint også å ha selskap når ein er ute og svømmer.
Seljordsvatnet viste seg frå sin beste side, med stille vatn og god temperatur.
Ingen motbakkesvømming altså.
Og, heller ikkje denne gongen dukka sjøormen opp. Me heldt oss vel kanskje litt mykje langs kanten?
Hm.
Det blei også felles løpe-intervalltrening.
Heldigvis i individuell fart :-D.

Så det blei både litt trening og god mat og hyggeleg samvær og då går dagane fort.
I dag har eg fri og skal gjera eit forsøk på å sykle ein lengre tur utan å kome i nærkontakt med det som skyene i desse dagar kastar ned på oss stadig vekk.

På søndag blei den rolege langturen omgjort til ein roleg korttur og i ein slags kombinasjonsøkt der eg hadde følelsen av å både sykle og svømme samtidig.
Eg må inrømme at eg blir litt værsjuk med så mykje regn og skyer,i alle fall på sykkelsetet. Det kan vera fint med litt avkjøling i form av regn på ein lang løpetur om sommaren.
Men på sykkelen?
Når det renn i strie straumar langs vegen, er det ikkje like moro med tynne racerdekk med lite profil i nedoverbakke.
Eller hot?*


*="eller hva?"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar