It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 18. juni 2010

Perfekt restitusjon med mindre volum

Ein skal altså gå ned i treningsomfanget (volumen) under "taper"perioden, mens ein skal trene i omtrent same intensitet.
Denne veka starta med ein tre timars lang joggetur på tysdag.
Det skulle ha vore 2t45 eller berre 2t30.
Men, det dreier seg om jogging. Dessutan er ikkje alle pausane innberekna.
Det var varmt på tysdag, og det blei stopp ved alle bekkar (og det var ikkje få), slik at Binna kunne bade, avkjøle seg og drikke litt. Dessutan blei det ein stopp til for å kjøpe meir drikke.

Været var så fint, og beina så gode, og serotoninnåvet etter to 2,5t såpass høgt at eg kunne ha synge høgt av reint godt humør.
Eg gjorde ikkje det.
Eg er ikkje så bekymra for ryktet mitt eigentleg, men det finst sikkert nok bygdetullingar frå før.

Onsdag var det tid for restitusjon.
Eg var på ei samling for kartlegging av biologisk mangfald på Kongsberg, og me låg over på hotell frå onsdag til torsdag.
Eg sjekka om hotellet hadde basseng, og det hadde det.

Dermed blei det lagt inn ei ørlite økt med resitusjonssvømming og boblebad på kveld.
Perfekt, dagen etter langturen.
Dessutan var det tilgang på mykje og god mat heile tida.
Hotellet har til og med ei softis-maskin, med gratis softis, berre 5m i gangen frå seminarromet vårt. Og kake. Og frukt. Og drikke.
Herleg.
Det kallar eg god restitusjon.

Det er altså ikkje volumet på vatnet ein skal redusere på taper'n, men volumet på treningsmengde.
Ah ja...


Svømmebassenget på 15m var riktignok i minste laget.
Men koseleg var det. Massasjedusj hadde dei, og badstoge, og boblebad.
Kveldssola skein inn gjennom det store vinduet, og eg hadde det som plommen i egget.

Etter 15min med bassenget for meg sjølv kom det to eldre damer til bassenget.
Og der tenkte eg at: nå er det sikkert ikkje lenger populært at eg drar mine baner i fin krålstil, der vatnet sprutar til sida på desse hotellgjestene, som sikkert ikkje vil bli vått på håret ein gong.
Men der tok eg grundig feil.
Desse to damene på rundt 70år frå England tok på seg svømmebriller og svømmehette (ikkje av den blomstrete typen, men knallraud silikon), og drog sine bader, synkront og samstent, vekselvis mellom bryst og krål. Utan stopp.
Med kraftfulle fråspark ved bassengkanten og tilsynelatande uanstrengte kråltak drog dei sine baner. I ganske bra tempo.
Eg blei så glad.
Mens eg forflytta meg over i boblebadet for å mjukne opp halvstøle leggmusklar, heldt desse to spreke damene på enda ei stund.
Eg trur at dei måtte ha halde på med svømminga si i omtrent ein halv time.
Og det synst eg er så imponerande!

I dusjen møtte eg desse to blide og glade damene igjen, og kommenterte deira gode avslappa og effektive svømmestil. "I'm so glad I learned to crawl" var det den eine svarte. "It's easy when you use goggles" kommenterte den andre.

Eg trur ikkje eg skal bekymre meg for at eg ikkje får svømt nok for tida. Viss eg er riktig heldig og gjer det slik som desse to damene, så har eg enno mange (ti)år med god krålsvømming foran meg.
Og det er då noko å sjå fram til...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar