It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

fredag 23. juli 2010

Test av sykkelsete - og enda meir svømming...

Post-Ironmanveke nr.3.

Det har vore roleg denne veka. Nesten for roleg. Det har vore vanskeleg å vera vaken på jobb. Ikkje fordi det ikkje er spennande. Tvert imot.
Men eg er ganske så trøtt for tida uansett kor hen eg er.
Og veldig sulten er eg også.
Det kan vel ha med den gjennomførte Ironman å gjera?

Dessutan så begynner eg å savne trening meir og meir.
Det er ikkje heilt det same å rusle tur ute. Sjølv om det er fint det også.

Så på måndagen greidde eg ikkje lenger å la vera.
ChiCqiloen blei tatt fram.
For å spare beina litt, pakka eg sykkel og utstyr og Binna i bilen og køyrde ned til Eventyrøya, for å sykle derifrå.
Ein liten tur til Flatdal og tilbake.
Eg ville kjenne litt på beina.
Og nakken og skuldrene, ikkje minst.
Eit par mil, ca 50min, med eit par stopp for å justere setet.

Beina kjendest greitt. Det var verre med den høge luftfuktigheita.
Det hadde regna noko voldsamt dagen før, og lufta var som metta med fukt.

Det nye setet kjendest spennande. "Ærleg" liksom.
Rett fram. Og bra.
Lovande. Men eg vil vel vite meir etter litt lengre turar?

Det nye setet til ChiCqilo, ISM Adamo Road. Kul design er det i alle fall. Og spennande å sitte på.

Så reiste eg på ein liten tur til Øyfjell til Marie. Marie skal delta på Ironman Switzerland denne søndagen. Så det blei mykje prat om triatlonkonkurransar, -trening, -næring og -utstyr.
Og mykje mat.
På onsdagen frista Dyrdalsvatn i Øyfjell med det friske (=is-k-k-k-kalde) vatnet sitt.
Marie ville berre kjenne litt på svømmefølelsen før konkurransen, mens eg jo alltids er klar for ein svømmetur uansett.
Dyrdalsvatn i Øyfjell i Vest-Telemark. Vatnet har vore vitne til ironmantrening mange gonger før.

Det blei ei riktig kald oppleving. Vatnet kan ikkje har hatt meir enn 14-15 gradar. Vinden hadde nok blåst det varme overflatevatnet vekk frå badeplassn vår og mot andre sida av vatnet, sidan det lenger ute var betrakteleg varmare (=mindre is-k-k-kaldt).

Me vakna skikkeleg etter svømminga i Dyrdalsvatnet. Og moro var det au å svømme saman.

Torsdagen kom finværet, og eg blei noko aldeles rastlaus og bestemte meg for å ta ChiCqilo fram igjen. At det er Tour de France på TVen dagleg hjelper ikkje akkurat på å dempe treningslysten min. Dessutan ville eg teste det nye setet litt meir.
Rammegeometrien til temposykkelen min er såpass forskjellig frå den til landeveissykkelen min at det trengst tid til både justering og tilvenning for å ei god sykkelstilling på lengre turar.

Denne gongen skulle eg sykla heimanfrå, og dermed også sykle opp den bratte bakken heim att. Med energibarar, -gel og verktøy i lommene susa eg ned bakken til sentrumet i kveldssola.
Herleg!
Motvinden i den lange seige 3km lange stigninga mot Nordbygdikrysset var derimot ikkje så herleg. Slik uoppvarma som eg var.
Men det gjekk an å ta det med ro. Og ta vare på beina mine.

Så blei det også heile to stopp på denne korte strekninga for å stille setet lenger opp, og justere vinkelen på det.
Dei nye innstillingane kjendest gode, og på E134 på utsida av Seljord gav den slake utforbakken og medvinden ein nydeleg følelse av fart.
I entusiasmen min heldt til og med på å stoppe og spørre politimannen med fartskontrollmålar etter kva slags fart eg hadde. ChiCqiloen manglar nemleg framleis sykkelcomputer...

Eg ville også teste dei nye sykkelbrillene mine. Dei forrige la eg igjen i Frankfurt i T2.
Jo da. Kule nok... (og gode også).


Ei lita mil mot Sanden Camping og tilbake, der eg møtte to andre av dei lokale spreke landeveissyklistane, og til slutt den bratte bakken heim var nok for meg denne dagen. Kveldssol langs glitrande Seljordsvatn med lite trafikk, tørr asfalt omgitt av vakkert landskap var nok for å få opp humøret mitt.
Kveldssol langs Seljordsvatn. Ein variant av mine yndlingsmotiv.

Det var dette eg hadde savna.
Og så enkelt som det er eigentleg?

Låg kveldssol gjennom furuskog langs Seljordsvatnet, utsikt frå sykkelsetet.

Nå håpar eg berre at beina mine satte like stor pris på denne turen som hovudet mitt. Men det får vel tida vise.

2 kommentarer:

  1. Vettu Imke, dæn svømminga kåns va ordentelg uppkvikkar! NO æ eg klar fe ny svømmeøkt, når som helst! :-)

    SvarSlett
  2. Det er bra Marie:)
    Eg hev veldig lyst te å svømme meir eg au.
    Om det er litt kaldt,så fær me heller taka med noko varm drikke te etterpå.
    Og øyreproppar ;-)

    SvarSlett