It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 4. mai 2011

Fjellterapi del 2 eller: flukt til fjells

Etter heile åtte dagar utan trening på grunn av magesjuke (virkeleg, åtte dagar, dvs, tysdag, onsdag, torsdag, fredag,laurdag, søndag, mandag OG tysdag, utan trening!), så kribla det i beine i dag.
Dessutan nærmar IM 70.3 seg med stormskritt, og eg kjenner at eg skulle gjerne ha fått nokre sykkel- og løpeturar i beina før eg reisar ned.


I dag hadde eg eigentleg ein avtale midt på dagen, men så blei den avlyst i går, og eg hadde plutseleg ein heil dag til disposisjon. Onsdagar er jo fine å sykle på, så det var jo ein moglegheit?
Men så kom det inn nokre meldingar om andre avtalar, og plutseleg kom det ein påminnelses-epost om medlemsmøte, noko som eg ikkje hadde ant i det heile tatt skulle bli arrangert idag  før e-posten kom. I tilleg var det mange andre ting som eg skulle ordne også.
Og plutseleg var det altfor mange valg, altfor mange kombinasjonar av moglegheitar og beslutningar eg skulle ta, og det er ikkje min styrke for tida, og det endte med kraftig beslutningsvegring.
Til slutt såg eg ingen annan utveg enn å late som ingenting og fortrenge at livet fantest ved sida av triathlon og trening, og dermed var det plutseleg klart kva som var riktig å finne på i dag.

Eg skulle skølvsagt sykle høgt og langt til fjells, helst dit der det ikkje er mobildekning.
Og sidan me skal sykle i fjellet på Mallorca også, passa det bra med ein liten gjentaking av fjellterapi-turen og motbakkesykling opp til Grimås.
Panorambilde laga meg mobiltelefon. Ikkje så dumt. Her frå den siste km til Grimås.
Sekken min blei utruleg fort pakka, eg rakk til og med å halv-tine ein bolle som eg stappa i sekken, saman med ein del ekstra klede.

Etter så mange dagar utan ordentlege måltider har eg kjent meg ganske så slapp i det siste, og i går hos ei venninne blei det også bemerka. Men eg tenkte at eg berre skulle ta det med ro oppover den lange bakken, og tenke meir på å trene muskulær uthaldenhet enn høg intensitet.
Som sagt, så gjort.
Forholda var gode i dag også, med litt sol og litt vind og litt skyer og lite trafikk. Vegen hadde blitt salta sidan sist, og var grei å sykle på. Men det var også blitt mykje vaskebrettføre, spesielt i svingane, noko som førte til skikkeleg gjennomristing av meg og sykkelen på veg ned att, men alle skruer heldt, og ingenting ramla av sykkelen, inkludert meg, så det var ikkje så ille.
Utsikt frå hengebrua ved Grimås.
Oppglødd som eg var på toppen, tok eg meg ein liten ekstra tur oppover i Grunningsdalen, men fann etter eit par tre kilometer ut at kroppen eigentleg hadde fått nok, og snudde.
I staden for tok eg ein liten avstikkar gjennom skogen heim att, og følgte ikkje den vanlege vegen som eg pleier. Og det var forfriskande å sykle på ein skogsti.
Ikkje er det tid for å la tankane vandre til møter og avtaler heller, smal som stien var, og med røtter og steinar og gjørmehol som skulle forserast.
Eg sykla på ein sti gjennom skogen i dag. Det var forfriskande!
Kivleåi. Ingen hengebru denne gongen, men eit juv som er ganske djupt. Djupare enn eit kamera klarar å fange opp..

Ikkje at dette er veldig spesifikk trening for gjennomføring av sykkeldelen på Mallorca. Men moro var det, og det synst eg jo er mykje viktigare, og inspirerande var det også, og ein god test på at beina mine er fortsatt sterke i bakkane, og pusten god, og magen grei.
På Grimås. Eg er glad over at flukten min blei vellykka. Det er deileg å vera på fjellet!

Og fin utsikt var det sjølvsagt også denne gangen.
Om nokon lurar ;)

Det blei ein vellukta flukt, med andre ord!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar