It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 1. juni 2011

Lesestoff om trening - del 1

Ved fleire anledignar har eg fått spørsmålet om eg visste om bøker som omhandlar trening som eg har brukt og kunne anbefale.
For dei som har vore på besøk hos meg ville svaret vera enkelt. Det er berre å ta eit blikk bort på bokhyllene mine, og det er opplagt at eg er glad i å lese bøker og likar å ha bøker rundt meg.
Eg manglar framleis tre-fire hyllemeter for å få plass til bøkene mine. Ein tur til IKEA hadde vore fint, for å få tak i rimeleg hylleplass. Men då treng eg ein bokhyllesponsor først.
Slik er det.

Tilbake til bøker om trening.
Då eg starta med regelmessig trening seinsommaren 2006, så var det éi bok som eg hadde røska med meg spontant etter deltidsjobben på biblioteket ved Høgskolen i Bø:
"Tren - boken som hjelper deg med å komme i form"av Jill Jarhmann, Gyldendal Forlag.
Annan omtale av boka finn du her, på Bokklubben sine sider. Boka har vore nyttig for meg. Den inneheld nemleg ganske kronkete forslag for treningsøkter, noko som eg trengte i 2006 for å koma i gang. Som eg hugsar hadde boka forskjellige treningsplanar alt etter utgangskondisen til kvar enkelt, og eg begynte nok heilt på botnen. Den gongen var eg nemleg ikkje i stand til å springe 2km i strekk utan å vera stiv og støl i fleire dagar, dette hadde eg prøvd eit par gonger.
Nøkkelen for meg blei å begynne ganske sakte, med intervall som bestod av eitt minutt sakte jogging og tre minutters rask gange. Den gode gamle Casioklokka mi blei innstilt på eittminutters nedtelling, og så bar det i veg. I ein halv time. Tre gonger i veka.
Så forlenga eg joggedelen og korta ned på gangedelen, og til slutt så kunne eg jogge 20min i strekk, 30min i strekk, og plutseleg så fekk eg lyst til å prøve meg på ei strekning eg visste var ca 5km lang.
Eg jogga bestemt avgarde, og gjennomførte 5km på 45min...
Det var ein skikkeleg god følelse, og eg blei så fornøydd og inspirert, at eg frå då av ikkje lenger var i tvil om kva eg kunne klare etterkvart, berre eg tok det roleg i starten og ikkje aukte treningsmengda for fort.
Boka "Tren" inneheld dessutan mange tips om trening generelt og mange fargebilder, noko som appellerte til meg også.

Neste bok på lista mi er "Alt om løping", av Amby Burfoot, som er redaktøre for "Runners World":
"Alt om løping" av Amby Burfoot, Tell forlag.
Denne boka henvender seg etter mi meining til både nybegynnarar og vidarekomne løparar. Den er lettlest, har mange bilder, konkrete treningsplanar og -forslag, og omhandlar også næring, tøying og litt om utstyr. Opprinneleg er den amerikask (The Runner's World Complete Book of Beginning Running), og ber preg av dette. Eg har lånt boka gjennom lengre periodar, og når eg manglar løpeinspirasjon, så hender det at eg fortsatt opnar den. Med konkrete forslag for treningsøkter er det artig å prøve noko nytt når løpemotivasjonen er dårleg. Eg synst nok at treningsplanane som skal føre fram til halvmaraton og maraton er ganske omfattande og foreslår så mange økter i veka som eg sjølv ikkje har klart å gjennomføre, men her gjeld det som for dei fleste bøker om planar om trening: ein må prøve ut og finne fram til det som funkar for ein sjølv, og ikkje slavisk følgje det som står skrive.

Etterkvart som eg skjønte at korte, raske distansar ikkje appellerte til meg, og den første tomilsøkta gav meirsmak på lengre distansar, fekk eg tak i ei bok som handlar om trening fram til maraton:
Hal Higdon: "Marathon - The Ultimate Training og Racing Guide", forlag: Rodale Books.
Boka av Hal Higdon har nok kome ut i fleire utgåver nå dei seinare åra. Dette er faktisk den første boka eg kjøpte meg. Eg trengte rett og slett å kommentere i margen, streke under, framheve med farge og rekne om frå miles til km, og dessutan var boka rimeleg å få på dei britiske Amazon-sidene.
Hal Higdon's bok omhandlar løpetrening fram til maraton, gjerne den første maraton, og er veldig detaljert. Den utgåva eg har, inneheld ikkje eit einaste fargebilde, men er såpass godt skriven at dette ikkje er ein ulempe. Dessutan er det nok av bilder og tabellar på Hal Higdon sine nettsider (http://www.halhigdon.com/), og her finn ein også ein enda meir detaljert løpeplan fram til maraton, med gode forslag for korleis ein skal gjennomføre treninga dei forskjellige vekene fram til det første maratonløpet.
Denne boka har eg hatt veldig godt nytte av fram til min første maraton, det kjendest nesten som om eg hadde ein personleg trenar som hadde skrive bok til meg. Ulempen med boka er at ein må rekne om frå miles til km, men dette venner ein seg fort til. Ein annan ting er at eg også her synst at treningsplanane inneheld utruleg mange treningsøkter, og at ein skal springe veldig mange kilometer i veka. Men her kjem Higdon også med råd: Viss du ikkje greier alle øktene, så er det ikkje farleg å glipp av nokre. Det er sjølvsagt lov å jonglere rundt på dei enkelte treningsøktene, slik at dei passar bedre til livet ellers. Fokuset er på dei lange turane, og at ein sakte aukar distansen av desse, så ei setning har brent seg inni hovudet mitt: "Don't cheat on the long runs".
Og dette fungerar for meg. Eg har droppa gjerne to av dei fem forslåtte løpeøktene pr veke, men den langsamme progresjonen med langturane har eg følgt. Riktignok ikkje heilt, det blei få økter på over 25km, men det er nå slik det har blitt for meg.

Då eg gjennomførte min første maraton i 2007, hadde eg også nokre veker tidlegare gjennomført min første triatlon, Bø Sprinten. Eg kjendte alt då, at rein løping blei litt for einsidig for meg, så eg lånte meg ein racersykkel og prøva meg på sykling i tillegg. Den lånte sykkelen var altfor lang for meg, sykkelbuksa var ubehageleg, ryggen min likte heller ikkje sittestillinga, og dessutan hadde eg punkteringsskrekk, noko som gjorde at turane ikkje blei spesielt lange. Men eg ville ikkje gje meg, og bestemte meg for å investere mesteparten av studielånsutbetalinga mi på ein racersykkel i min størrelse.
Hausten 2007 blei eg heldigivis også kjent med Caroline, som akkurat hadde begynt med masterstudier i idrett ved høgskolen i Bø, og trengte selskap på sykkelturane sine. Eg trengte nokon som kunne lære meg litt landeveissykling, så då passa dette perfekt. Kvar onsdag ettermiddag sykla me stort sett same turen på litt over 5mil, noko som var ein heftig tur for meg, mens det var lett restitusjon for Caroline.
Men fortsatt så var det mykje eg lurte på angåande trening av sykling og løp, og svømming, og korleis ein på best måte skulle kombinere desse tre. Eg ville vite meir. Så eg gjekk til innkjøp av Joe Friel's klassiker:
"The Triathlete's Training Bible" av Joe Friel, forlag: Velo Press.
Denne boka er ganske grundig og detaljert, og passar for både nybegynnarar og vidarekomne triatletar, men den er nok best eigna for den som ønskjer å sette seg inn i treningsteori, og likar å måle og analysere treningsresultat. Eg synst også her at omfanget av treningstimar er litt i overkant for det eg er i stand til å gjennomføre. Men boka skal vel omfavne dei fleste treningsambisjonane, og dermed er det rikeleg med treningsprogram der ein skal få plass til to treningsøkter om dagen. Eg har så å seie ikkje benytta meg av Joe Friels treningsplanar, dei er altfor omfangsrike for meg, men teorien synst eg er godt skriven, og spesielt bak i boka er det forslag for treningsøkter som eg benyttar meg av dei dagane eg manglar inspirasjon. 

Med sesongen 2008 kom også fleire triatlonarrangement, og eg leitte etter meir informasjon. Det måtte då finnast bøker om triatlontrening med mindre enn 12 timar trening i veka, og der ein ikkje skulle trene eit eller anna både morgon og kveld?
Engelske bøker er rimelege å få tak i, og eg prøva meg på denne:
John Mora: "Triathlon 101"1.utgåve, Human Kinetics Forlag.
For den som søker meir informasjon og fleire omtalar om denne boka, sjå her, på Amazon.com sine sider. Denne boka appellerte til meg på grunn av omslaget (eg håpa rett og slett at den skulle henvende seg til kvinnelege utøver i like stor grad som til menn), og så var det forordet, skrive av Karen Smyers, som var så utruleg bra at eg absolutt måtte ha boka.
Her eit lite utdrag frå forordet:
"Remember when you were a kid? Think back for a minute and remember a time that was simpler, less worrisome, and, well, more fun. Close yur eyes. Think about how you used to play: chasing your friends shouting, "Let's jump in the pool! Let's go bike riding! Race you to the corner!"
See what I'm getting at? In a sense, we all grew up triathletes. [...]" Karen Smyers, Professional Triathlete,
1995 Hawaiian Ironman Champion.
Forordet er så utruleg bra, så forventnigane mi til boka var kanskje litt store. Boka er alt i alt heilt grei, kanskje litt uryddig, og oppsettet for treningsplanane litt merkeleg, og lite av denne grunnleggjande entusiasmen over sport, triatlon og mosjon frå Karen Smyers' forord er å finne igjen i resten av boka. Så eg har boka fortsatt i hylla, og den er nok brukande for den som enno ikkje har lest noko anna om trening og triatlon før. Ei heilt grei nybegynnarbok for den ferske triatleten, spesielt eigna for den som skal delta i sin første triatlon, sidan det er mange praktiske tips å finne her.

Ei anna bok som eg fann etter ein del leiting gjennom BIBSYS over tilgjengeleg triatlonbøker ved det heile landets bibliotek, var denne:
"The Woman Triathlete" av Christina Gandolfo, Forlag Human Kinetics.

Omslaget virka nesten som om boka er frå 80-tallet, men den er altså frå 2005. Boka er satt saman av kapitler skrivne av ulike kvinnelege triatletar, og dekkar det meste som er relevant å vite for ein kvinneleg triatlet. Den inneheld gode og realistiske treningsplanar for alle distansane, frå Sprint over Olympisk til Halv Ironman og Ironmandistansar. Planane er oversiktlege og lett å skjønne, og forslaget for korleis ein kan gjennomføre øktene er detaljert omskrive. Boka inneheld mindre rein treningsteori (spesielt samanlikna med Joe Friels treningsbibel), men tek opp dei forskjellige utfordringane for både svømming, sykling og løp, utstyr, næring, mental trening, litt styrketrening (om enn litt for lite etter min smak) og trening gjennom graviditet. Til tross for at boka er skriven av forskjellige forfattarar, så er den godt gjennomført, og kapitlane utfyller ein annan. Inspirerande er det også å lese om  bakgrunnen til dei enkelte forfattarane bak i boka.
Med andre ord, så er dette her ei bra bok som eg gjerne anbefalar til andre (kvinner).

Så gjekk det ganske lang tid utan at eg trengte meir lesestoff om triatlon, og sesong 2008 var også inspirerande og lærerik nok med mange gjennomførte triatlonkonkurransar og løp. Eg trur fortsatt at 2008 var det beste året mitt prestasjonsmessig, både fysisk og mentalt. Det meste eg opplevde av konkurransar var inspirerande, og då eg blei kjent med Helene denne sommaren på Stavern, så blei me fort einige om at me også skulle ta ein Ironman ein gong. Kanskje ein vakker dag, for eksempel i 2010 (som var leeenge til den gangen). På det tidspunktet hadde eg enda ikkje tatt ein olympisk distanse ein gong, men me var optimistiske, fulle av pågangsmot og litt herleg crazyness.
Og kva skal ein da med lesestoff når alt går så bra?

I neste innlegg, "Lesestoff om trening - del 2" skal eg blant anna fortelle litt om bøkene: "Breakthrough Triathlon" av Brad Kearns, GreteWaitz's maratonbok, Mark Allens første bok om triatlon frå åttitallet (herleg), og også sveipe innom inspirerande lesestoff som autobiografien av Paula Radcliffe, to bøker av Lance Armstrong, og IRONMANbøker som har lege på nattbordet mitt i fleire månader i strekk, og som eg har lese om att og om att og om att...og som eg framleis enno ikkje har blitt lei av.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar