It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 29. juni 2011

Å svømme etter sjøormen...

Etter den lange beslutningsvegringa i går greidde eg til slutt å rive meg laus og gjera noko. Eigentleg skulle eg berre handle. Klokka hadde alt blitt halv ti (eg er også ganske uthalden når det gjeld beslutningsvegring: eg kan vegre meg i mange timar i strekk: skikkeleg sprøtt eigentleg) på kvelden, så då blei det å pakke fort mobil og lommebok, hive sele på Binna og styrte ned til bilen for å rekke handleturen.
Det var utruleg varmt ute, og ganske høg luftfuktighet.
Det har regna hardt denne sommaren. Kanskje skal eg begynne å dyrke ris?

Ikkje så rart, når regnbygene stod i kø og tømte seg utover landskapet med jamne mellomrom...
Det var nesten nok å berre gå i den fuktige lufta for å bli våt.
Og då slo det meg at det beste eg kunne gjera var vel eigentleg å blir ordentleg våt? Med andre ord, svømme?
Skikkeleg vått regn.
Eg hadde med svømmetøy og våtdrakt i bilen, og eit bittelite handkle, så meir trengst det då ikkje?
Eit kort øyeblikk vurderte eg å fort køyre heim og hente den nye våtdrakta mi, sidan eg eigentleg hadde trengt å teste/bruke den litt meir.
Men eg innsåg fort at fleire beslutningar var det rett og slett ikkje plass til i hovudet mitt, og før eg ombestemte meg, hadde eg alt køyrt ned til Sanden Camping og ned til stranda og parkert bilen med god utsikt over vatnet.
Klokka er ti på kvelden, rett etter ein regnbyge. Vatnet ser deileg ut!
For som tidlegare sagt: Store vannflater tiltrekker meg, og når eg først har stoppa ved eit vatn, og har svømmetøy i bilen, så lar eg meg ikkje stoppe så fort.
Vatnet ved Sande Camping hadde vore iskaldt for 14 dagar sidan, men berre dei få solfulle dagane og den varme lufta hadde greidd å auke vanntemperaturen litegrann, slik at det kjendest ganske greitt.
Dessutan måtte eg tenke på ein av mine Facebookvenner i USA, som nettopp hadde prøva seg på Ironman Coeur d'Alene (IM CdA), og som måtte droppe ut av konkurransen alt etter svømminga på grunn av hypotermi.
Swømminga på Ironman Coeur d'Alene.

Vanntemperaturen i innsjøen der borte (i Lake Coeur d'Alene) var på 56 Fahrenheit, noko som tilsvarar 13 grad Celsius!
Og DET er jo iskaldt!
Då kan eg vel neppe klage over temperaturen som kanskje ligg på rundt 16gradar?
Og dette mentale bilde, av mange tapre Ironmantriatletar som kjemper seg gjennom 3,8km svømming i 13 gradar kaldt vatn hjelpte virkeleg på innstillinga mi mot kaldt vatn.
Eg er riktignok ein frysepinne, men så ille er det jo ikkje.
Ja det beste er jo eigentleg å berre hive seg uti.
Det blei to omgangar svømming på ca 10min. Eg svømte stranda opp og ned eit par gonger og kosa meg ved dei gode forholda, og stillheten, og at vatnet kjendest varmare og varmare etterkvart, kikka ned i djupet etter sjøormen, og hadde det ganske bra.
Er det sjøormen der borte, tru?
Sjøormen dukka ikkje opp denne gongen heller, men utebadesesongen har jo berre nettopp begynt, og er fast bestemt på å ikkje la det regntunge været skremme meg frå å bade.
Å svømme er jo tross alt noko eg likar, og når ein er ute i regnet, blir ein jo våt uansett, så då kan eg jo like godt ta meg ein svømmetur.

Og vera på utkikk etter sjøormen. Kanskje ikkje den store. Kanskje ein liten sjøormunge?
Eg har god tid. Badesesongen er lang. Sjøormen kan jo dukke opp når som helst.

2 kommentarer:

  1. Veit du - i TA skryter dei av 17!!! varme grader i vatnet - vel og merke ved Telnessanden - mæn det æ jau "VARMT"!! No klarar eg au å tenke på svømming! kjæm ned ein dag te vika! :-) All dænna svømminga di motiverar meg te kåma meg uti!! (Sjøorm hell ikkje...) TØFT å kåma fram te ein SVØMMEØKT kløkka TI på kvelden altsø!!

    SvarSlett
  2. Bra at svømminga mi motiverar deg! Nå har eg også investert i "badetermometer" med slik isoporkule på, så då kan me teste vatnet rundt omkring, og velge oss det varmaste ;)
    Kveldssvømming er å anbefale.
    Det skapar ein god ro i kroppen, og det er spesielt deileg å legge seg etterpå.
    Gleder med til du blir med på noko svømming!

    SvarSlett