It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 7. desember 2011

På løpetur igjen!

Dei siste dagane har eg drive med konkurranseplanlegging.
Kva slags konkurransar skal eg vera med på neste år?
Korleis skal eg legge opp treninga?
Eller blir det fortsatt etter infallsmetoden?

Bortsett frå at eg har lyst til å delta i flest mogleg små lokale løp i Telemark så har eg ikkje kome noko vidare med planlegginga enda. Men motivasjonen og inspirasjonen til aktivitetar er stor.
Så stor at eg enda ein gong lot meg lokka ut av det fine været.
Og denne gangen skulle det bli skog- og bakketur.

Eg har nemleg også starta opp att løpetreninga.
Ein kort tur på 40min på laurdag, og ein lengre tur på litt over ein time i dag.
Etter gråvêret på laurdag var det nydeleg å springe i skogen i dag.
Herleg!
Eit tynt lag med ny tørr snø på frosent og tørt, hardt underlag gjorde det lett å sette føtene sine. Og dette i skogen!
For ein deileg følselse det var å vera ute og springe igjen, når pusten er god, og beina er ok, magen er avslappa og tankane flyr avgarde...
Til og med Binna virka å vera i godt humør undervegs.
Slike løpetur er nesten ikkje som "trening" å rekne, det er berre kos, det ;)
Mens det enno går an, skal eg springe så
mykje eg kan på sti og grusvegar.
Eg er for tida lei av å springe på asfalt, og skal heller springe mest mogleg på variert underlag. Helst på stiar i skogen, og på grus- og traktorvegar. Det inneber gjerne meir stigning og høgare intensitet, men då er det jo berre å ta det med ro. Så lenge det ikkje er snø, er det jo deileg å springe i skogen.
Heile 3cm med snø på grusveg. Det er godt å springe på.
Skal ein springe i skogen i Seljord, må ein tole litt bakkar!
Dette er løypeprofilen frå turen i dag.
Eg har også fått gått inn og testa meir mine nye terrengløpesko (Asics enduro), som har fått vist kva dei er gode for på sti og grus og snø og is. Fasit er så langt: dei er veldig gode å gå med, har godt grep på sti både når det er tørt og vått, godt grep på stein, på snø og grus. Dei er ikkje vanntette, men det vatnet dei slepper inn, slepper dei fort ut att (det har eg fått testa på eit 10km langt terrengløp i 2008 med eit eldre modell - ikkje vits å bruke Gore-tex sko når ein skal springe gjennom ei myr og ingen sti går utanom).
Gode terrengløpesko, ASICS enduro. Ikkje spesielt dyre,
og dei funkar bra! Eg brukar ullsokkar å løpe i om vinteren.
Eg bestemmer meg ofte plutseleg for å ta ein løpetur, og då kan det ha seg slik at siste måltid er lenge sida, og eg er i grunnen litt sulten. For å kunne koma meg ut på tur med det same så tek eg nå heller med meg energibar og drikke, istadenfor å ete først. Den flaska frå 1000mile synst Binna er veldig god å bera...
Binna er såååå flink til å bera denne flaska. Ho
var kjempesnill i dag, og supersprek. Kor tek ho det frå???
Det var heilt nydeleg solskinn og blå himmel i dag. Eg angra ikkje på at eg la ut med halvtom mage - timane med solskinn/lys er det jo ikkje så veldig mange for tida, så dei skal eg nyte mens eg kan!
Utsikt frå løpeturen i dag, retning Grimås/Lifjell.
Dette er ein av mine favorittenergibarar for tida. Den er eg nødd
til å skrive ein produkttest om (Powerbar naturals energy).
Broren min er ein erfaren og aktiv klatrar, og eg
kikkar ofte etter fjellveggar som det kanskje går
an å klatre opp når han kjem på besøk ein gong.
Eg synst at det går heilt fint å springe når det er kuldegradar ute. I dag var det minus 8C då eg la ut på tur, mens det nok var varmare i sola. Eg kjendte i alle fall godt forskjell mellom å vera i skyggen og i sola.
Is og sol om einannan.
Binna har aldri likt å drikke vatn frå flaske. Når ho blir tørst, så drikk ho frå ein bekk. Om vintaren så tek ho eit par munnfull med snø. Ho er lettvin slik ;)
Binna likar å ete snø når ho blir tørst.
Utsikt frå Kivledalen mot vest. Ikkje så lett å ta bilde med
mobil og låg vintersol. Men det er jo heilt greitt det, berre det er sol...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar