It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

torsdag 19. januar 2012

Årets første bad (ute)

Pusten er fortsatt ikkje tilbake.
I tillegg vakna eg i natt kl.4 og fekk ikkje sova att ordentleg.
Eg trur kanskje det blei noko smådøsing fram til eg skulle stå opp.
Mareritt, grubling, og ein uroleg kropp.

Derfor var det eigentleg heilt greitt at vekas torsdagstur for ein gongs skyld ikkje bestod av ein tur, men av eit opphald i ei utandørs badstoge.
Og ikkje kva som helst badstoge, men Sauna Vebekkdalen som er ein del av kunstprosjektet "Into the Landscape" rundt Seljordsvatnet.

Gruppa vår delte seg i to i dag.
Nokon hadde meir lyst til å gå ein tur, mens andre føretrekte badstoge.
Eg høyrde til dei sistnevnde.
Det hadde blitt fyrt opp i badstogas ovnen alt tidlegare i dag, så då me kom dit var det alt littegrann varmt.

Sauna Vebekksdalen - badstoga langs Seljordsvatnet -
bildet er tatt frå www.intothelandscape.no
Og med medbrakt ved og bøttevis med vatn var det ikkje lenge før temperaturen nærma seg 40 og 50, og noko over 50 gradar. Sånn ca.
Konstruksjonen til denne badstoga er litt spesiell, golvet er nemleg ope, og består av eit spaltegolv av tre, slik som det finst i ein del saue- og geitefjøs.

Me var fire stykke inne i badstoga, og tre av oss var ute og bada/plaska/plumpa i Seljordsvatnet heile tre gonger kvar. Og nydeleg var det!
Det hadde eg aldri trudd.
Eg som er slik frysepinne.
Mitt første bad. Bildene er limt saman av ein videosnutt som blei tatt.
Men det blei litt dugg på kameraet. Ikkje så dumt, då  ser det jo enda kaldare/tøffare ut :D
Og dukkerten var faktisk veldig forfriskande!
Berre isflaka i vatnet var litt skarpe.
Dette er isen på Seljordsvatnet sett frå undersida.
Pentax-kameraet mitt blei ekstatisk av denne  utfordringa. Kjekt med vanntett kamera!
Vatnet kjendest eigentleg ikkje så kaldt.
Det var berre føtane som fraus litt etterpå.
Og dei blei fort varme att inne i badstoga.

Dette gjorde godt for ein støl og sliten kropp og tynnslitte nervar.
Reine balsam!
Akkurat det eg trengte i dag.
Pusten har riktignok ikkje latt seg lokke tilbake med det same, men mellomgolvet fekk seg noko god trening mens eg tok ein dukkert i det iskalde vatnet.
Badeplassen vår. Me høgg hol i isen med øks.
Neste gong blir det større og lengre og djupare badeplass, det har me bestemt oss for alt nå!
Og for ein god følelse ein får i kroppen etterpå!
Nå skal eg jammen hugse på å ta meg ein tur i badstoga ned i svømmehallen her snart.
Det er jo så godt med varme nå på vinteren.
Og det gjer godt for stive musklar og eit slitent hovud...
Hovudet var litt mindre slitent etter fleire timar i badstoga...

6 kommentarer:

  1. Takk Silja!
    Dette anbefalast virkeleg. Men ein skal vera god og varm. Eg trur nemleg ikkje at isbading er noko for meg sånn i utgangspunktet.
    Men når ein nærmast kokar i badstoga er eit lite bad utruleg forfriskande ;)

    SvarSlett
  2. Galskap!! :) har ikke muligheten her sørpå, så det blir omvendt. Løpe ute i kulda, komme hjem til varmt hus, svette bøttevis, gå ut igjen for å kjøle seg ned, og så videre....
    Jeg er nok for pysete til isbading :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jaha Birger, det ER galskap!
      Eg har det omvendt vanlegvis eg også. Ute på tur i kulda først, og så inn att og dusje til varmtvannsbehaldaren er tom.
      Så eg kan jo heller ikkje skjønne at dette var morsamt !?!
      Eit aspekt var vel at det var folk rundt som såg på, og eg måtte jo tøffe meg litt da...
      Eg er jo ellers kjendt for å halde meg tett inntil varmeflaska mi, sånn til dagleg, og er frysepinne de luxe!

      Så trur eg også at det er godt med litt "sunn" galskap innimellom, og teste sine grenser.
      (Forresten så trur eg at vanntemperaturen sørpå er låg nok til å kvalifisere som "is"bading. I tilfelle du skulle falle for fristelsen likevel :D)

      Slett
  3. Sunn galskap er absolutt viktig :)
    Skal til fjells om noen uker, og om ikke det er bademuligheter så er det badstue og snø. Får se om jeg klarer å psyke meg opp!

    SvarSlett
    Svar
    1. Badstoge og snø høyrest veldig bra ut, kanskje til og med bedre enn isvatn.
      Du får la fornuften vera igjen i badstoga og hive deg ut i den deilege fluffy snøen da :)
      Lykke til!!!

      Slett