It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

tirsdag 14. februar 2012

R.I.P. Binna

I går måtte eg dessverre ta med Binna til hennes siste besøk hos dyrlegen.
Ho blei diagnostisert med kreft i oktober i fjor, og sidan har jursvulstane hennes berre blitt større.
Natt frå torsdag til fredag gjekk det hol i den største av svulstane.

Eit rask besøk hos dyrlegen avgjorde at me kunne vente til over helga, og eg fekk nokre dagar til å ta skikkeleg avskjed med Binna.
Det var nokre tunge dagar.
Nå er ikkje Binna meir, og eg er så lei meg.

Først hadde eg tenkt å samle saman bildene av meg og Binna på løpeturar, skiturar, fjellturar, osv, og laga eit skikkeleg minne-blogginnlegg, men det blei for mykje.
Eg vil alltid minnast Binna.
Ho var den hunden eg alltid drøymde om då eg var liten.
Takk for alt, Binna.
Binna (8.november 2000 - 13.februar 2012)

4 kommentarer:

  1. Herlig blogg! kjempegøy å lese
    =)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Hanne!
      Har nå tatt eit rask blikk på bloggen din også eg nå da, og den virkar veldig spennande!
      Du skriv så rett frå hjartet, uanstrengt liksom, og har dybde samtidig.
      Skal nok lese litt meir i den etterkvart :)

      Slett
  2. Og my God! Skjebner godt hvordan du har det. Husker fortsatt den dagen for 3 år siden vi måtte si hadde til våres forrige hund han hadde også kreft til slutt var det vondt å bevege seg. Det er grusomt at hundene har så mye kortere liv enn mrEnnesker. Men du gjorde det du måtte. Du gjorde det av kjærlighet. Og hun hadde et fantastisk liv!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for medfølelsen, Ania!
      Ja det er frykteleg at hundar har eit så mykje kortare liv enn oss.
      Kunne godt ha tenkt meg 11 år til med Binna eg da.
      Men som du seier, eg måtte gjera det eg måtte. Er det ikkje grusamt at hundar får kreft?
      Binna hadde eit godt liv heilt til slutt. Og det er eg glad for.
      Nå er huset så altfor tomt, men samtidig fullt av gode minner av Binna.
      Og det er jo dei gode minnene eg skal ta vare på, ikkje sant...

      Slett