It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

onsdag 28. mars 2012

Kneet mitt er tatt (MR-) bildet av!

Nå har eg vore i Porsgrunn i går og tatt bilde av kneet mitt. MR-bildet.
Nei forresten så var det ein ganske kjekk radiograf ved Curato i Porsgrunn som hadde æra til å ta bildet.
Curato i Porsgrunn tilbyr MR og røntgen mellom anna.
Nokon klagar over at ein skal ligge heilt stille over ei viss tid i denne røra ein blir skyva inn. Eg synst det var heilt greitt å ligge der og vente, i og med at eg hadde stått opp kl.5:30 i går (og med nystilt sommartid så hadde dette jo tilsvara kl.4:30 for berre tre dagar sida, og dette er jo midt på natta) for å rekke bussen og vera ved Curato i Porsgrunn 9:10, så var eg fortsatt i ørska og heldt på å sovna under MR'en.

Med hørselvern på, teppe og liten dingsbums å trykke på viss det var noko under bildetakinga følte eg meg ganske trygg og avslappa. Dessutan bråka den MR-maskina ikkje så mykje som mange påstår, tvert imot var det noko rytmisk banking av og til som gjorde at eg nesten sovna...
Slik ser det ut like før ein køyrer inn i MR-maskinea for å ta MR-bildet av kneet.
Ein slepp heldigvis å ligge heilt inni MR-maskina. (bildet fann eg her).
Det tek visstnok ei veke før tolkning og beskriving av bildene blir sendt over til legen min, og då er me midt i påska, så eg anar ikkje når eg skal få vite svaret.
Og eg som er sååå spent!!

Den siste veka har det fortsatt blitt bedre med kneet mitt for kvar dag.
Akkurat som før: større bevegelighet, bedre stabilitet og nesten ikkje vondt.
Bortsett frå om natta/morgonen, og når beinet er heilt strekt, noko som fortsatt ikkje går an over lengre tid.
Etter to timar på bussen i går på morgonen greidde eg berre så vidt å gå av bussen, så stivt var kneet...

Men eg er fortsatt ved godt mot og går utifrå at MR-bildene visar at alt er som det skal.
Og at ting tek tid med slike skadar er jo kjent.
Eg fann ei bra nettside med gode beskrivingar, tips og råd angåande idrettsskadar.
Den sida finn du her (då kjem du rett inn på sida om strekk i medialt leddband i kneet):

http://www.sportsinjuryclinic.net/sport-injuries/knee-pain/mcl-sprain

Når det gjeld TRENING så var det vel heller snakk om OPPTRENING.
Eg har vore på torsdagstur igjen sist torsdag.
Det blei ein fin tur gjennom skogen langs Seljordsvatnet, og krykkene hadde eg tatt med, men berre hatt bruk for eit par-tre gonger i veldig bratt bakke (spesielt nedoverbakke).
Eg blei venner med ein liten stålorm som låg i vegen og sola seg.
Du visste vel at stålormen er eigentleg ei firfirsle som manglar bein, ikkje sant?
Den er heilt ufarleg. Og søt var den også. Den blunka til meg ;)
Eg har også for første gong igjen sykla ned til sentrum, handla og sykla opp att dei bratte bakkane heim att, og til tross for nokså stor belastning på kneet, har dette gått bra.
Musklane er riktignok i overkant stiv nokre timar etterpå, men det trur eg er innanfor trygge rammar for kva som er fornuftig.
At eg hadde gjort alt riktig så langt kunne også fysio'n bekrefta.
Og Svein Ivar har eg absolutt tillitt til.
Så eg får heller fortsette med sakte opptrening fram til MR-resultatet har kome.

Det er fortsatt over tre månader til IM 70.3 Haugesund, så eg har god tid.
Og sykling er ein kjempefin måte å vedlikehalde kondisen på utan å ha så altfor stor belastning på knea, og dessutan er det herleg å sykle når det er tilnærma sommartemperaturar ute, alt nå i mars.
Ut på tur i vårleg vêr.
Men eigentleg så tok eg dette bildet for å få sett på den nyaste lua mi frå sida ;)
Og sidan ein aldri kan vite kva sommaren vil bringe av nedbør, så er det berre å koma seg ut og nyte det fine vêret så godt ein kan.
Det er veldig mykje ein kan gjera også med eit redusert kne, har eg funne ut :)

Nydeleg med blåveis! 

Nyt våren!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar