It's never too late to become what you might have been - Elenor Roosevelt

søndag 21. april 2013

Å løpe i fønvind

Jaaaaa da.
Nå har det gått lenge sidan sist innlegg.
Igjen, så dukkar spørsmålet opp koffor det heiter Triatlondagbok.
Det blir jo aldri daglege innlegg !?

Men, dagbøker er tolmodige.
Og så er bloggen min.
Håpar berre at lesarane min er det også da, men akkurat dét er jo ikkje opp til meg.

Det ser endeleg ut som våren er i full gang med hestehov, blåveis og kvitveis, snøen smeltar fort, det skiftar frå tåke den eine dagen til strålande solskinn dagen etterpå, akkurat som det skal vera i april.
Og eg har hatt mange fleire terapisamtaler enn vanleg dei siste vekene, noko som eg har brukt mykje tid og energi på, så då blei det lite igjen til blogging.
Og det går framover.

Og så har det også blitt ein god del trening på meg.
Men framleis mindre enn det som står på treningsplanen,
og til og med mindre enn det som er målet mitt (nemleg 75% av treningsplanen).
Men det er vel likevel nok, vil eg tru.

Det er fortsatt moro å ha Dave Scott som coach.
Det blir aldri kjedeleg.
Han har mange gode råd.
Assistenten hans også.
Og ingen treningsøkter er like!

Min yndlingsøkt er framleis løpeintervall, ein gong i veka.
Sidan det er fortsatt snø på idrettsbanen her, blir det løp i rundar på grusveg.
Då slepp eg å passe på trafikken.
Og kan berre fokusere på å overhalde tida og trykke på "lap"knappen til riktig tid.
Og halde styr på GPSen.
("Heldigvis" har eg ikkje klokke med GPS - det er utruleg fort gjort å gje litt ekstra for å koma opp i ein viss fart, i staden for å styre farten etter intensiteten, noko som er målet med intervalløktene for tida).

Som sagt, intervall med Dave Scott er ikkje kjedeleg.
Den eine veka blir det 3,5min intensitet L1, så 2,5 intensitet L2, pause på 30 sekund, gjenta fire gonger, avslutt med 15 min lett.
Neste veka er det kanskje 2min intensitet L3, så 5min intensitet L1 så 3min L2, pause imellom 30 sekund og gjenta alt saman tre gonger.
Og roleg jogg i 15min som avslutning.

Så viss ein går lei av det gode gamle 4x4, så er mitt råd: variér intensiteten og varighet på intervalla!
Slå fantasien laus!
Gjer det litt krevande, så blir det ikkje plass til tunge tanker undervegs!

Denne veka var eg heldig med vêret.
Reinaste føn-vind på onsdagen!
Først kunne eg dra ned knevarmarane, så bytte jakke mot langerma trøye.
Det var herleg å springe i kortbukse!
På dei to siste rundane løp eg i singlet.
Berre for å få ein forsmak på sommaren.
Deileg med sol på huden.
Sliten og fornøydd etter intervalløkta i sola!
Og solvett i form av solbriller - pass på øyne!
Idag er eg fortsatt støl etter bakkeintervalla for to dagar sida.
Også desse intervalløktene varierar frå veke til veke i intensitet, varighet og lengde på pausane imellom.
Det er moro!
I tillegg så lot eg Lukas vera heime og sprang motbakkeintervalla bakke opp og ned.
På asfalt.
I tillegg bruka eg eit par lettvektssko.
Effekten av desse endringane er ikkje til å ta feil av:
Eg blei knallstøl i leggane, og er faktisk fortsatt støl!
K-Swiss K-Ona har vore innesko så langt, og lite i bruk.
Dei er lette, men leggane kjendte at dette var uvant!
Det som er bra er, at eg ikkje er støl i låra, for det er jo lårmuskulaturen som tek den største belastninga ved løping i nedoverbakke (eksentrisk muskelbelastning).
Så stølheten i leggane tilskriv eg lettvektsskoene, som har mindre hældemping og mindre "høgdeforskjell" ("drop") frå hæl til tærne, mens lårmuskulaturen toler visst fint nedoverløping.

Dette synst eg er spennande.
Og eg ser alt fram til intervalløktene neste veke, både på flat grus og motbakke.
Eg får berre håpe at me fortsatt får mildvêr, det kan godt blåse og regne for min del (nåja, litt er greitt, berre det ikkje blir tåke) slik at også den siste snøen smeltar.

Eg er meir enn klar for vår og sommar.
Er så utolmodig.
Men men, det kjem!
Lykkelege Lukas på tur! :)

5 kommentarer:

  1. Først av alt må jeg si, at meg blir du ikke kvitt altså. Selv om det går aldri så lang tid mellom innleggene! ;) Så bare ta den tiden du trenger, til det du har behov for å bruke tiden din på- så kommer innleggene sånn etterhvert, når du har tid. Jeg syns det er like hyggelig hver gang :)

    De skoene så ordentlig kule ut (og gode!) :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Guro!
      Du blir forresten ikkje kvitt meg heller, til dette er det altfor mykje artig å lese om i bloggen din :)
      Har jo nesten fått lyst til å legge ut nokre heimelaga luer og sånt eg også, men då trur eg at det blir berre rot her.

      Desse skoene er sjølvsagt utruleg kule, med Ironman på, liksom ;)
      Men dei er veldig gode. Dei er så "ukompliserte". Ikkje noko som trykker eller gnager. Og lette. Må berre venne meg til mindre demping. Men dei skal nok brukast litt meir framover. er jo litt inspirasjon også, med Ironman på i store bokstavar ;)

      Slett
    2. Hihi, ja det kan jeg godt forstå. Så blir du også minnet på det, hvis du ved et uhell skulle glemme (i et svakt øyeblikk) hvorfor du trener såpass mye som du gjør :)

      Ja, legg ut du óg! :D

      Slett
  2. Hei! Ikke tenk på at du ikke skriver "ofte nok". En blogg skal være lystbetont, og skrives når man har overskudd og LYST:) jeg følger deg uansett hyppighet på innlegg.
    Så utrolig deilig å løpe i sola, og kjenne LITT varme. Løpe uten alle buffer,luer og ullundertøy! ah....deilig tid på året vi er i nå. Skoene er råtøffe! Fortsatt lykke til med treninga! Heier på deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Janne!
      Eg er jo heilt einig, bloggen skal vera lystbetont. Sjølv om eg merkar at av og til kan skrivelysten oppstår undervegs.
      Så det er vel som med så mykje, at ein berre må koma i gang.
      Ja eg set pris på kvar einaste solstråle og anelse av varm vind, herleg.

      Då eg såg skoene i ein butikk i fjor haust kunne eg ikkje motstå. Med IRONMAN på, ikkje sant, eg har jo litt dilla på dette.
      Men så er desse skoene frå K-Swiss so utruleg behagelege også!
      Dei er laga for triatlon, og ofte utan sømmer, slik at ein kan bruke dei barbeint (å ta på sokkar tar jo tid, ikkje sant :D).
      Lette er dei også, må berre venne meg til dei.
      Eg heier på deg også!
      Spennande å følge med på bloggen din!

      Slett